Chiletinamu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chiletinamu
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1895
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1895
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Chiletinamu
Utbreiinga av Chiletinamu
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Tinamiformes
Familie: Tinamufamilien Tinamidae
Underfamilie: Rhynchotinae
Slekt: Nothoprocta
Art: Chiletinamu N. perdicaria
Vitskapleg namn
Nothoprocta perdicaria

Chiletinamu (Nothoprocta perdicaria) er ein medlem av tinamufamilien som lever i tett vegetasjon i subtropiske område i det sentrale Chile.

Taksonomi og etymologi[endre | endre wikiteksten]

Familien Tinamidae er plassert i infraklassen Palaeognathae saman med strutsar og tre andre nolevande familiar. I motsetning til slektingane, kan alle tinamuar flyge, sjølv om dei generelt sett ikkje er sterke flygarar. Chiletinamu har to underartar, N. p. perdicaria i nord og N. p. sanborni i sør.

Slektsnamnet Nothoprocta er frå gresk nothos «falsk»; proktos «hale» hale, «bak». Artsleddet perdicaria / perdicarius er latinsk perdix: «rapphøne».[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Chiletinamu er omtrent 29–30 cm lang. Han er nesten halelaus og har ei kompakt kroppsform som liknar vaktlar. Nebbet er bua, liknande kaliforniavaktelen sitt nebb. Han har tjukke, korte, bleike, gulaktige bein. Mønsteret på overkroppen ser stripete ut, men er meir komplekst i detalj. Han har eit brunt andlet med ei mørk augelinje som er hengande. Halsen er brun og nedre hals har mørke flekker. Han har eit komplekst mønster som strekkjer seg på sida av brystet, som er grått. Chiletinamu, like sør for Maule-regionen, har ei brunleg bryst i staden for eit grått bryst med meir og raudbrune striper på overkroppen og baken. For begge regionane dekkjer vengene heile kroppen når han sit på bakken, og når han flyg, verkar vengene store og raudbrune på undersida. Vengene er også avrunda.[2]

Songen er høge fløytetonar med to stavingar og høyrest ut som «sweee wee». Når han er under stress, slepper han ein senkande serie med fløytetonar som høyrest ut som «swee wee wee» saman med raske venglydar.[2]

Chiletinamuen er ein frøetar som kan supplere dietten med virvellause dyr.[2]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Denne arten er endemisk til Chile, han høyrer heime frå sørlegaste Atacama-regionen sørover til vestlege Llanquihue-provinsen i nordlege Los Lagos-regionen. Skiljet i utbreiinga mellom det to underartane går omtrent på grensa mellom Ñuble-regionen og Maule-regionen. Habitatet er grasland, busklandskap, matorral i Chile med opningar, og jordbruksland og frukthagar. Høgdnivået er frå havnivå til 2 400 moh., mest vanleg under 1000 moh. Arten er introdusert til Påskeøya.[2]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Hoa legg 5-8, nokre gongar 12 mørk brunlege, glansfulle egg i ei lita senking i bakken som er fora med litt lause grasstrå. Hannen tar ansvar for ruging og syter for ungane aleine. Egga er dekte med fjør når dei blir ståande utan tilsyn. Rugetida er rundt 19-21 dagar i fangenskap. Ungane er gule med mørke striper, og spring like etter klekking og flyg når dei er halvvaksne. Seinare i livet kan blå eller grå flekker komme til syne.[2]

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

IUCN har kategorisert chiletinamu som ein livskraftig art, men med ukjent og minkande populasjon.[3] Eit estimat på populasjonsstorleiken er 48 000 individ.[2] Ein trur menneskelege faktorar gjer ut for dei vektigaste trugsmåla. Dette er ein tradisjonell jaktfugl i landet, han har vore jakta over mange tiår. Ein trur òg at jordbruket er eit anna potensielt trugsmål, til dømes med bruk av plantevernmiddel.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 274, 298. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Medrano, F., A. Almónacid, A. Touret, V. Pantoja, H. V. Norambuena, R. Tapia, V. Gomes, og A. Jaramillo (2023). Chilean Tinamou (Nothoprocta perdicaria), version 2.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg og B. K. Keeney, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA.
  3. BirdLife International (2023) Species factsheet: Nothoprocta perdicaria. Henta 21. februar 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Chiletinamu