Chinchaøyane
Chinchaøyane | |||
øygruppe | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Chinchaøyane 13°38′S 76°24′W / 13.64°S 76.4°W | |||
Wikimedia Commons: Chincha Islands |
Chinchaøyane (spansk: Islas Chincha) er ei gruppe på tre små øyar, 21 kilometer utanfor kysten av Peru, nær byen Pisco. Sidan før-inkatida har øyane vore av interesse på grunn av dei omfattande guanoførekomstane sine, men etter overutnytting vart mesteparten av ressursane uttømde innan 1874.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]

Den største av øyane, Isla Chincha Norte, er 1,3 kilometer lang og opptil 1,0 kilometer brei, med ei høgd på 34 meter. Isla Chincha Centro er nesten like stor som naboen i nord, medan Isla Chincha Sur er halvparten så stor som dei andre. Øyane består for det meste av granitt og er omkransa av klippar på alle sider, der mange sjøfuglar hekkar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Chinchaøyane var ein gong heimstaden til chinchafolket, men i dag finst det berre få restar av nærværet deira. Peru byrja eksporten av guano i 1840. Spania, som ikkje anerkjende Perus sjølvstende før i 1879 og ønskte å dra nytte av guanofortenestene, okkuperte øyane i april 1864. Dette utløyste chinchaøykrigen, som varte frå 1864 til 1866.
Guano
[endre | endre wikiteksten]Guano på Chinchaøyane er oppsamla avføring frå sjøfuglar. Avsettinga av guano var opptil 47 meter tjukke før dei massive uttaka tok til.[1] Guanoskarven (Leucocarbo bougainvillii) er rekna som den mest vektige produsenten av guano. Humboldtsule (Sula variegata) og humboldtpelikan (Pelecanus thagus) er andre «guanofuglar».[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er byggjer på «Chincha Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2024
- Skipnes, Kolbjørn (2001). «Guanohandel på 1800-tallet». Stavanger Museum Årbok (Stavanger: Stavanger museum) 110: 91–132.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Coker, Robert E (1919). «Habits and economic relations of the guano birds of Peru» (PDF). Proceedings of the United States National Museum. doi:10.5479/si.00963801.56-2298.449.
- Vogt, William and Dufffy, David Cameron (2018). «A report on the guano-producing birds of Peru (“Informe sobre Aves Guaneras”)». Pacific Cooperative Studies Unit.