Chiribiquetesmaragd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chiribiquetesmaragd
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Chiribiquetesmaragd
Utbreiinga av Chiribiquetesmaragd
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Slekt: Chlorostilbon
Art: Chiribiquetesmaragd C. olivaresi
Vitskapleg namn
Chlorostilbon olivaresi

Chiribiquetesmaragd (Chlorostilbon olivaresi) er ein mellomstor kolibri med særs innskrenka leveområde langt sør i Colombia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Chiribiquetesmaragden har kroppslengd på ca. 9 centimeter og kroppsvekta er i underkant av 4 gram, hoa nokre mindre enn hannfuglar. Som andre smaragdkolibriar syner arten kjønnsdimorfisme, og hofuglen har få synlege artspesifikke trekk.

Hannfuglen har eit stort kjenneleg område i strupen med blåfarge, han har raudt i undernebbet og halen er berre svakt kløfta. Fjørdrakta er elles grøn, men med mørk, stålblå hale.

Hoa er lys grå frå strupen og nedover undersida, halen er for det meste blågrøn, elles er drakta grøn, men med gråleg andlet og kvitt strek bak augo.

Arten er berre kjent frå opne område med savanne og småkratt i Sierra de Chiribiquete i Colombia, dette området er totalt ca. 6 500 km² i departementa Guaviare og Caquetá. I tillegg til at arten beitar på blomar jakter han òg insekt.[1]

Lite er kjent om storleiken av populasjonen og om utviklinga, arten har vore skildra som den dominerande kolibrien i det litle utbreiingsområdet sitt.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Stiles et al (1999)
  2. BirdLife International (2015)