Chlorospingus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chlorospingus
Breibryntanagarsporv, Chlorospingus pileatus Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1902
Breibryntanagarsporv, Chlorospingus pileatus
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1902
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Amerikasporvfamilien Passerellidae
Slekt: Chlorospingus
Cabanis, 1851

Chlorospingus er ei biologisk slekt av mellomstore sporvefuglar som lever i Sentral-Amerika og sørover langs foten av Andes til Argentina. Slekta er ein del av amerikasporvfamilien, Passerellidae. Tidlegare var dei rekna som tanagarar, i dag har dei norske artsnamna fellesleddet «tanagarsporv».

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er fuglar på rundt 14 centimeter i kroppslengd med fjørdrakt i avdempa farger dominert av gult, grønt og grått, ofte med mørkt hovud. Nokre har kvitt i buken, og eller kvite område på hovudet. Til dømes breibryntanagarsporv, C. pileatus, som har svart hovud, brei, kvit augebrunstripe og kvitt i strupen. Busktanagarsporv, C. flavopectus, representerer vidaste utbreiinga i slekta rekna i antal land, frå Argentina i sør til Mexico i nord. I Mexico er dei funne i høgder opptil 3500 moh.[1]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Det er åtte eller ni artar i denne slekta avhengig av taksonomisk standpunkt.[note 1][2]

Chlorospingus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Hilty, S. (2017). Common Bush-tanager (Chlorospingus flavopectus). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 21. oktober 2017
  2. Hilty, S. (2018). Yellow-green Tanager (Bangsia flavovirens)]. In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 23. september 2018
  3. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. august 2018 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
Notar
  1. 1,0 1,1 Arten gursetanagarsporv, C/B flavovirens, eng: Yellow-green clorospingus/Yellow-green tanager, Lawrence, 1867, er skildra som ein tanagar i slekta Bangsia i Handbook of the Birds of the World Alive.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Chlorospingus