Hopp til innhald

Chomo Lonzo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chomo Lonzo
fjell
Nordaustsida av Chomo Lonzo. Hovudtoppen til venstre. Lhotse og Chomolungma heilt til høgre.
Land  Folkerepublikken Kina
Region Tibet
Fjellkjede Himalaya
Høgd 7 804 moh.
Primærfaktor 4,14 m
Lettast tilkomst Høgfjellstur på bre
Førstestiging Lionel Terray og Jean Couzy, 30. oktober 1954
Kart
Chomo Lonzo
27°55′48″N 87°06′29″E / 27.93°N 87.108055555556°E / 27.93; 87.108055555556
Wikimedia Commons: Chomo Lonzo

Chomo Lonzo (òg Chomo Lönzo, Chomolonzo, Chomolönzo, Jomolönzo, Lhamalangcho) er eit fjell i Tibet nær grensa til Nepal, ca. 5 km nordaust for Makalu i Himalaya. Namnet Chomo Lonzo tyder «Fuglegudinna».

Fjellet har tre markerte topp-punkt: det sørlegaste er med ei høgd på 7 804 m hovudtoppen. Skild frå denne av ei egg 7 300 m ligg midttoppen. Den nordvestlege toppen er om lag 7 200 m høg.

Trass i at 8000 meters-toppen Makalu ligg i nærleiken og ragar høgre enn Chomo Lonzo, er fjellet eit flott syn frå Kangshungdalen i Tibet. Den 3 000 meter høge nordaustsida er er ikkje klatra.

I 1954 var dei franske klatrarane Jean Couzy og Lionel Terray i området for å studere Makalu med tanke på eit toppforsøk. Medan dei var i området nytta dei høvet til å førsteklatre Chomo Lonzo. Dei stod på toppen 30. oktober 1954[1] etter å ha gått over den rimeleg lette sørvestryggen Sakietang-La (7 214 m) som skil Chomo Lonzo frå Makalu. Året etter lukkast begge med å førsteklatre Makalu.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]