Chontal-maya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chontal-maya
(Yoko t'an)
Klassifisering: Mayisk
 Cholansk-tzeltalansk
  Cholansk
   Chol-chontal
    Chontal-maya
Bruk
Tala i: Flag of Mexico.svg Mexico
Språkkodar
ISO 639-3: chf
Glottolog: taba1266

Chontal-maya (eller yoko t'an, òg kalla Tabasco-chontal) er eit mayaspråk i den cholanske undergruppa som vert tala av chontalfolket i den meksikanske delstaten Tabasco. Språket har minst tre dialektar, som er kjent som Tamulté de las Sábanas-chontal, Buena Vista-Chontal, og Miramar-Chontal.

Ordet chontal kjem frå nahuatl og tyder «utlending». Chontalane kallar språket sitt yoko t'an, som tyder «det verkelege språket».

Chontal-maya har 29 fonem. Den grunnleggjande ordstillinga er subjekt–objekt–verb, men verb–objekt–subjekt er og i bruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

  • Keller, Kathryn C. og Plácido Luciano G. (red.). 1997. Diccionario Chontal de Tabasco.