Chris Barber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chris Barber

Fødd17. april 1930 (94 år)
FødestadWelwyn Garden City, Hertfordshire, England
Død2. mars 2021 (90 år)
FødenamnDonald Christopher Barber
OpphavStorbritannia
SjangerSkiffle, ragtime, swing, blues, trad jazz, folk
InstrumentTrombone
Tilknytte artistarLonnie Donegan, Ken Colyer
PlateselskapDecca, Tempo, Columbia (EMI), Pye, Lake
Verka somMusikar, låtskrivar, bandleiar
Gift medOttilie Patterson
PrisarÆresborger av New Orleans, offiser av Den britiske imperieordenen

Donald Christopher Barber (17. april 19302. mars 2021) var ein engelsk jazzmusikar, mest kjend som bandleiar og trombonist.[1] I tillegg til at han fekk ein tradjazz-hit på den britiske Topp 20-lista, hjelpte han karrierane til mange musikarar, mest av alt bluessongaren Ottilie Patterson, som ein gong var kona hans, og vokalisten og banjoisten Lonnie Donegan. Donegan spelte med Barber i skiffle-bølgja midt på 1950-talet og som fekk den første transatlantiske hitten sin med «Rock Island Line», då Chris Barber var i bandet. Sidan han gav Donegan, og seinare Alexis Korner, eit publikum, var Barber ein viktig person i britisk rhythm and blues og «beat-boomen» i 1960-åra.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Barber var fødd i Welwyn Garden City i Hertfordshire som son av ein statistikar og ei skulestyrerinne.

Barber og Monty Sunshine (klarinett) skipa eit band i 1953 og kalla det Ken Colyer's Jazzmen for å utnytte trompetisten deira sine nylege eskapadar i New Orleans. Andre i bandet var Donegan, Jim Bray (bass), Ron Bowden (trommer) og Barber på trombone. Bandet spelte Dixieland-jazz, og seinare ragtime, swing, blues og R&B. Pat Halcox tok over på trompet i 1954 då Colyer drog vidare etter musikalske skilnader og bandet vart «The Chris Barber Band».

I april 1953 debuterte bandet i København i Danmark. Der spelte Chris Albertson inn fleire sider for det danske selskapet Storyville, og somme berre med Sunshine, Donegan og Barber på kontrabass. I 1959 låg bandversjonen av Sidney Bechet sin «Petite Fleur», ein klarinettsolo av Monty Sunshine med Barber på kontrabass, 24 veker inne på UK Singles Chart. Han nådde tredjeplassen og selde over ein million eksemplar. For dette fekk han gullplate.[2] Etter 1959 turnerte han i USA mange gonger (der «Petite Fleur» nådde femteplassen).

Barber på scenen i Hamburg i 1972

Seint i 1950- og tidleg i 1960-åra vvar Barber hovudsakleg ansvarleg for å arrangere dei første britiske bluesturneane til artistane Big Bill Broonzy, Sonny Terry og Brownie McGhee og Muddy Waters. Dette og entusiasmen til lokale musikarar som Alexis Korner og John Mayall, inspirerte unge musikarar som Peter Green, Eric Clapton og The Rolling Stones. Britisk rhythm and blues dreiv den britiske bølgja på den amerikanske hitlistene i 1960-åra, men Dixieland vart verande populært. I januar 1963 rapporterte det britiske musikkmagasinet NME frå den største tradjazz-festivalen i Storbritannia i Alexandra Palace. Her spelte George Melly, Diz Disley, Acker Bilk, Alex Welsh, Kenny Ball, Ken Colyer, Sunshine, Bob Wallis, Bruce Turner, Mick Mulligan og Barber.[3]

Barber sjokkerte tradisjonalistane i 1964 med å hente inn bluesgitaristen John Slaughter i besetninga, og utanom ein pause mellom april 1978 og august 1986, då Roger Hill tok over plassen, spelte han i bandet fram til han døydde i 2010. Barber la til ein andre klarinett/saksofon og denne besetninga varte til 1999.

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Chris Barber, 1972

'New Orleans Joys' Chris Barber Jazz Band, med Lonnie Donegan Skiffle Group 1954

  • Bestsellers: Chris Barber & Papa Bue's Viking Jazzband, 1954
  • Original Copenhagen Concert, (live) 1954
  • Chris Barber in Concert, (live) 1956
  • Chris Barber Plays, Vol. 1, 1955
  • Chris Barber Plays, Vol. 2, 1956
  • Chris Barber Plays, Vol. 3, 1957
  • Chris Barber Plays, Vol. 4, 1957
  • Chris Barber in Concert, Vol. 2, (live) 1958
  • «Petite Fleur», 1958
  • Chris Barber American Jazz band, 1960
  • In Budapest, 1962
  • Louis Jordan Sings, 1962
  • Live in East Berlin, 1968
  • Chris Barber & Lonnie Donegan, 1973
  • Golden Hour of Chris Barber and his jazz Band featuring Vocals by Ottilie Patterson and Clarinet by Monty Sunshine , 1974
  • Echoes of Ellington, Vol. 1, 1976
  • Echoes of Ellington, Vol. 2, 1976
  • Echoes of Ellington, 1978
  • Take Me Back to New Orleans, 1980
  • Concert for the BBC, 1982
  • Copulatin' Jazz: The Music of Preservation Hall, 1993
  • Live at the BP Studienhaus, 1997
  • Cornbread, Peas & Black Molasses, (live) 1999
  • The Big Chris Barber Band with Special Guest Andy Fairweather Low: As We Like It, 2009
  • Chris Barber's Jazz Band, Chris Barber 1957–58, 2009
  • The Chris Barber Jazz & Blues Band, Barbican Blues, 2009
  • The Big Chris Barber Band, Barber At Blenheim, 2009
  • Chris Barber's Jazz Band with Sonny Terry & Brownie McGhee, Sonny, Brownie & Chris, 2009
  • Chris Barber Memories Of My Trip, 2011

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. CHRIS BARBER -17.4.1930 –2.3.2021, chrisbarber.net
  2. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 110. ISBN 0-214-20512-6. 
  3. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 116. CN 5585. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Chris Barber