Chris Berger
| Chris Berger | |
| Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
| Fødd | 27. april 1911 Amsterdam |
| Død | 12. september 1965 (54 år) Amsterdam |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Friidrett under Sommer-OL 1932 – 100 meter menn, Friidrett under Sommer-OL 1936 – 100 meter menn, EM i friidrett 1934 – 100 meter menn |
Christiaan David Berger (27. april 1911–12. september 1965) var ein nederlandsk friidrettsutøvar som i 1934 vart europameister på både 100 og 200 meter.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Berger sette i 1930 europarekord på 200 meter med 21,1 sekund. Tida stod som europarekord til 1951 og nederlandsk rekord til 1965. Han sigra på 100 yards i den opne britiske meisterskapen i 1930 og 1933.
Sommaren 1934 tangerte Berger verdsrekorden på 100 m eit løp på 10,3 i Amsterdam. Under den fyrste europameisterskapen i friidrett, vann han både 100 m og 200 meter, og han fekk ein bronse med det nederlandske laget i 4 × 100 m stafett. Opphavleg utropte arrangøren tyske Erich Borchmeyer som vinnar av 100 m, noko som førte til harme mellom tilskodarane som tydeleg hadde sett Berger vinne løpet. Juryen vart overbevist om å utsette avgjerda om rekkefylgja etter at filmane frå innspurten ville vere tilgjengelege dagen etter. Desse viste at Berger hadde vunne.
Berger deltok to gongar i olympiske leikar, utan suksess. Ein forventa mykje av dei nederlandske utøvarane i 1932, men etter ein ti dagar lang båttur og ei veke med tog gjorde dei lite av seg i Los Angeles. Berger vart slått ut i semifinalen på så vel 100 som 200 meter. I 1936 var han ikkje like kvikk som før, og vart sett i skuggen av landsmannen Tinus Osendarp. Det nederlandske stafettlaget enda i tillegg opp med å miste stafettpinnen i finalen.
Åra 1930 til 1934 vann Berger åtte nederlandske meisterskapsgull, fire på 100 meter og like mange på 200 m.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Chris Berger» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juli 2026.