Chris Blackwell
| Chris Blackwell | |||
| | |||
| Fødd | 22. juni 1937 (89 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Westminster i London i England | ||
| Fødenamn | Christopher Percy Gordon Blackwell | ||
| Opphav | Storbritannia | ||
| Aktiv | Sidan 1959 | ||
| Sjanger | Rock, reggae | ||
| Plateselskap | Island | ||
| Verka som | Plateprodusent Forretningsmann | ||
| Mor | Blanche Blackwell | ||
| Prisar | Grammy Trustees Award, Musgrave Medal, MOJO Awards, Polar Music Prize, Jamaicaordenen, Rock and Roll Hall of Fame | ||
Christopher Percy Gordon Blackwell (fødd 22. juni 1937) er ein engelsk forretningsmann og tidlegare plateprodusent. Han skipa Island Records, som er blitt kalla «eit av dei viktigaste, sjølvstendige plateselskapa i Storbritannia».[1] I følgje Rock and Roll Hall of Fame, som Blackwell vart innlemma i i 2001, er det «ingen andre enn han som har gjort så mykje for å få verda hekta på reggae.»[2]
Han skipa Island Records på Jamaica den 22. mai 1959, like før han fylte 22, og Blackwell var blant dei første som spelte inn den jamaicansk popmusikken som kom til å bli kjend som ska. Då han kom attende til Storbritannia i 1962, selde han plater frå bilen sin til det jamaicanske samfunnet.[1]
Med støtte frå Stanley Borden frå RKO, voks forretningane til Blackwell stadig, og han var med å forme karrierane til Bob Marley, Grace Jones og U2 blan mange andre. Han produsert mange kjende album, som Marley sine Catch A Fire og Uprising,[3] og debtualbumet til The B-52's i 1979.
Filmar
[endre | endre wikiteksten]- Dr. No (1962) - handlangar som hoppar frå ein kai og ut i vatnet (ikkje oppført)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chris Blackwell» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 Perry, Andrew (20 May 2009). «Chris Blackwell interview: Island Records». The Daily Telegraph. UK. Henta 28 May 2010.
- ↑ «Chris Blackwell Biography». The Rock and Roll Hall of Fame. Arkivert frå originalen 2010-06-29. Henta 28 May 2010.
{{cite news}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - ↑ Hagerman, Brent (februar 2005). «Chris Blackwell: Savvy Svengali». Exclaim.ca. Arkivert frå originalen 27. april 2012. Henta 29. desember 2010.
{{cite news}}: Invalid|deadurl=yes(hjelp)