Chris Cross
Chris Cross | |
![]() Cross i 2009 | |
Fødd | 14. juli 1952 (70 år) |
---|---|
Fødestad | Tottenham |
Fødenamn | Christopher Thomas Allen |
Alias | Chris Cross |
Opphav | Tottenham i London i England |
Aktiv | 1973–1988 2009–2012 |
Sjanger | New wave, kunstrock, post-punk, synthpop, glamrock |
Instrument | Bass, klaverinstrument, synthesizer |
Tilknytte artistar | Stoned Rose, Tiger Lily, Ultravox, John Foxx, Midge Ure |
Verka som | Musikar, psykoterapeut, rådgjevar for mental helse |
Chris Cross (fødd 14. juli 1952 som Christopher Thomas Allen)[1] er ein engelsk musikar, mest kjend som bassist i new wave-bandet Ultravox.
I 1973 svarte han på ei annonse av Dennis Leigh og var med å skipe Tiger Lily i lag med gitaristen Stevie Shears, trommeslagaren Warren Cann og fiolinisten/klaverspelaren Billy Currie, som kom inn året etter. Tiger Lily skifta sidan namn til Ultravox og spelte inn debutalbumet sitt i 1977. Bandet vart oppløyst etter ein turné i 1987. I 2008 kom bandet saman att og gav i 2012 ut eit nytt album.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Chris Cross» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ [1] Arkivert 20. august 2008 ved Wayback Machine.