Chris Difford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chris Difford
Difford.Chris Sept2013.jpeg
Verkeleg namn Christopher Henry Difford
Fødd 4. november 1954 (63 år)
Greenwich
Instrument vokal, gitar
Yrke Musikar, låtskrivar, plateprodusent
Tilknytte artistar Squeeze, Difford & Tilbrook
Nettstad [http://chrisdifford.com chrisdifford.com]

Christopher Henry Difford (fødd 4. november 1954)[1] er ein engelsk songar, musikar, låtskrivar og plateprodusent. Han var medlem og låtskrivar i den britiske gruppa Squeeze.

Etter Squeeze vart lagt ned i 1983, har Difford skrive songar med Glenn Tilbrook for artistar som Jools Holland,[2] Helen Shapiro, Billy Bremner og Elvis Costello. Han har òg skrive tekstar Jools Holland, Elton John,[3] Wet Wet Wet,[4] Marti Pellow og andre. I lag med Tilbrook og John Turner laga han musikalen Labeled with Love, med songar av Squeeze.[5] Musikalen vart sett opp i Deptford i 1983, men raskt teken av. I 1984 gav paret ut albumet Difford and Tilbrook og hadde ein liten hit i Storbritannia med «Love's Crashing Waves» som nådde 57. plass på singellista i Storbritannia.[6] I 1985 vart Squeeze samla att. Difford slutta i gruppa i 1999 og gjekk solo med albumet I Didn't Get Where I Am i 2003.[7] Difford var òg manager for Bryan Ferry[8] og The Strypes.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]