Chris Dreja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chris Dreja

Chris Dreja (høgre) og Ben King i Basingstoke 2008
Fødd11. november 1945 (78 år)
FødestadSurbiton, Surrey, England
FødenamnChristopher Walenty Dreja
OpphavStorbritannia
Aktiv1963–2013
SjangerBluesrock, rock
InstrumentGitar, bass, klaverinstrument
Tilknytte artistarThe Yardbirds, Box of Frogs
Verka somMusikar

Christopher Walenty Dreja[1] (fødd 11. november 1945)[2][3] er ein engelsk musikar, mest kjend som rytmegitarist og bassist for The Yardbirds.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Faren var av polsk opphav, medan Dreja var fødd i Surbiton, og voks opp i Kingston upon Thames i Surrey.[2] Han og broren Stefan Dreja møtte tilfeldigvis Top Topham. Tophan og Dreja var inspirert av vise- og bluesgitaristen Gerry Lochran som byta frå akustisk til elektrisk gitar. Dei debuterte med dei elektriske gitarane sine på ein konsert med Duster Bennett og ein ung Jimmy Page.[2]

Dreja og Topham vart medlemmar i Metropolitan (eller Metropolis) Blues Quartet. I løpet av eitt år hadde Keith Relf, Jim McCarty og Paul Samwell-Smith kome med i bandet, som skifta namn til The Yardbirds. Den då 15 år gamle Topham slutta i gruppa då dei vart profesjonelle, men Dreja fortsette å spele rytmegitar med musikarar som Eric Clapton og sidan Jeff Beck.[2]

Dreja byta frå rytmegitar til bassgitar då den opphavlege bassisten, Paul Samwell-Smith, slutta. Dreja var medlåtskrivar på fleire av Yardbirds-songane, særleg dei på albumet Roger the Engineer.[2]

Etter at Yardbirds vart oppløyst, tilbaud Page Dreja om å bli bassist i det nye bandet han skulle starte (som vart Led Zeppelin). Dreja avslo tilbodet for å bli fotograf. Han fotograferte Led Zeppelin for baksida av debutalbumet deira.[2]

Dreja spelte i bandet Box of Frogs i lag med andre Yardbirds-medlemmar i 1980-åra.

I 2012 og 2013 fekk Dreja ei rekkje slag og har ikkje spelt musikk sidan då.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 8. mars 2019, henta 31. mars 2018 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Unterberger, Richie (11. november 1945). «biography by Richie Unterberger & Bruce Eder». Allmusic.com. Henta 31. mars 2018. 
  3. http://search.findmypast.co.uk/results/world-records/england-and-wales-births-1837-2006?firstname=christopher%20&lastname=dreja
  4. «Topham Replaces Dreja in Yardbirds | Vintage Guitar® magazine». Vintageguitar.com. 10. juli 2013. Henta 31. mars 2018.