Chris Pyne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chris Pyne
Fødd14. februar 1939
FødestadBridlington
Død12. april 1995
DødsstadLondon
OpphavStorbritannia
Sjangerjazz
Instrumenttrombone
Verka somjazzmusikar

Christopher Norman «Chris» Pyne (14. februar 193912. april 1995) var ein engelsk jazztrombonist.

Pyne var den eldre broren til Mick Pyne, og spelte piano før han byrja å spele trombone. Han spelte med Fat John Cox (1963), Alexis Korner's Blues Incorporated (1964–65), John Stevens's Spontaneous Music Ensemble (1965–66), og London Jazz Orchestra før han byrja å arbeide med Humphrey Lyttelton i 1966, som han spelte med fram til 1970. Samstundes spelte han inn musikk med John Dankworth (1967), Ronnie Scott (1968) og Stan Tracey (1968–70). Pyne spelte med Mike Gibbs av og på frå 1967 til 1979, og turnerte med banda til Frank Sinatra mellom 1970 og 1983. I tillegg var han i sekstetten til John Taylor mellom 1971 og 1981.

Andre artistar Pyne spelte med i 1970-åra var Kenny Wheeler (1969, 1973), John Surman (1970), Philly Joe Jones, Maynard Ferguson, Tony Coe (1976), Bobby Lamb, Ray Premru (1971), Ronnie Ross, Barbara Thompson, John Stevens igjen (1970–71), Norma Winstone (1971), Dankworth igjen (1972), og Alan Cohen (1972). Pyne turnerte med Gordon Beck i 1982 og var i Surman's Brass Project frå 1984 til 1992. Seinare i livet spelte han i storbandet til Charlie Watts.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Med Michael Gibbs

  • Michael Gibbs (Deram, 1970)
  • Tanglewood 63 (Deram, 1971)
  • Just Ahead (Polydor, 1972)
  • Directs the Only Chrome-Waterfall Orchestra (Bronze, 1975)

Med Stan Tracey

  • We Love You Madly (Columbia, 1969)
  • Genesis (Steam, 1987)
  • We Still Love You Madly (Mole Jazz, 1989)

Med Kenny Wheeler

Med andre

Kjelder[endre | endre wikiteksten]