Chris Woods Groove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chris Woods Groove
Chris Woods Guitarist.jpg
FødestadSurrey, England
OpphavStorbritannia
Aktiv2011-
SjangerJazz, world
InstrumentGitar
Tilknytte artistarAndy McKee, John Martyn
Verka sommusikar, komponist

Chris Woods er ein britisk fingerstyle-gitarist som brukar fleire avanserte teknikkar. Woods er også ein komponist, lærar og forfattar av boka Percussive Acoustic Guitar. Når han gjev ut musikk går han med namnet "Chris Woods Groove" og "The Chris Woods Groove Orchestra".

Gitarstil[endre | endre wikiteksten]

Woods sin stil er karakterisert med bruk av moderne og utvikla gitarteknikkar, inkludert alternative stemmingar, tapping og gitar perkusjon. Teknikken hans vart utvikla med eksperimentering på universitetet med solo jazzgitarspeling, men også med inspirasjon frå andre gitaristar, til dømes John Martyn. Han gav musikk ut på den tida perkussiv akustisk gitar vart populært på YouTube, slik vart han også med i dokumentaren Acoustic Uprising.

Trampeboks
Eit eksempel på trampeboks

Woods brukar ein trampeboks, for å laga ein støttandes takt til musikken hans. I 2012 lanserte bedrifta Logarhytm ein skreddersydd signatur-modell boks for Woods. Gitaren han brukar er ein Martin000x1.

Han spelar som solist i tilleg til forskjellege instrumental ensemble, tidlegare har han spelt på Glastonbury Festival, London Olympia, Real World Studios, Marriott Hotel NAMM, Mikulassky Jazz Festival, Sage Gateshead og fleire.

Komposisjonar[endre | endre wikiteksten]

Woods gav ut to solo-gitar album; Woodcraft (2011) og Stories For Solo Guitar (2013), og eit duoalbum med WIl McNicol 48 hour Atlas i 2015, som vart spelt inn og skrive på 48 timar.

Mellom 2015 og 2018 gav han ut fleire singlar og ein EP som Chris Woods Groove Orchestra, som også inneheldt og lanserte eit prosjekt kalla Guitar Revolution.

Guitar Revolution er ein komposisjon som består av fire delar, frå nybyrjar til avansert. Han inviterte publikum til å ta delta på The London Acoustic Guitar Show i september 2016 for å framføra stykket.

Etter ein svært godt likt pop-up-forestilling på London Acoustic Guitar Show, turnerte Chris Woods med prosjektet, med støtte frå Martin Guitars i byrjinga av 2017, og inviterte publikum til å vera med i fleire forskjellege byar.

Pedagogiske publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Woods er forfattaren av Percussive Acoustic Guitar, som fyst vart gjeve ut av Hal Leonard i mars 2013. Han vart kontakta av Leonard på NAMM-showet i California for å skriva "how to play" percussive guide. Boka vert brukt i utdanningsinstitusjonar og som ein akademisk referanse for stilen. Boka inneheld instruksjonar om perkussive gitarteknikkar. Desse teknikkane vert kalla "String slapping", "Body percussion", "Tapping", "Harmonics (overtonar)" og "Alternative tunings". Kategoriane er delt inn i kapittel, der kvart kapittel inneheld forskjellege eksempel. Eksempla buyrjar alle med sin eigen oppvarming-øving. Boka avsluttar med fleire heile stykker og det er komp på ein DVD.

Chris Woods

Han skreiv også eit innlegg for Acoustic Guitar Magazine, og bidrog til magasinet Guitar Techniques med "Creative Acoustic"- serien inkludert; Utgåve 253 - Gitar perkusjon utgåve 254 - DADGAD, utgåve 255- overtonar, utgåve 256- delvis capo (Capo som ikkje er over alle strengane) og utgåve 289 - perkussiv akustisk- Begge magasina er publisert av Future Publishing.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]