Hopp til innhald

Chris de Burgh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chris de Burgh

Fødd15. oktober 1948 (77 år)
FødestadVenado Tuerto
FødenamnChristopher John Davison
AliasChris de Burgh
OpphavIrland, Storbritannia, Argentina
Aktiv1974
Sjangerrock
Instrumentgitar, piano
Stemmetypetenor
PlateselskapA&M Records
Verka somsongar-låtskrivar, låtskrivar, songar, komponist, musikar, bandleiar
MorMaeve Emily de Burgh
FarCharles John Davison
BornRosanna Davison, Hubie Davison

Chris de Burgh (fødd Christopher John Davison, fødd 15. oktober 1948) er ein britisk/irsk songar og låtskrivar.

Chris de Burgh blei fødd i Venado Tuerto i Argentina av britiske foreldre. Faren hans, Charles John Davison, var ein britisk diplomat. Chris de Burgh nytta jentenamnet til mor si, Maeve Emily de Burgh, då han byrja å opptre. Morfaren hans var sir Eric de Burgh. Faren til Chris hadde ulike jordbruksinvesteringar, og Chris var mange av dei tidlege åra sine på ulike stader som Malta, i Nigeria og Belgisk Kongo.

Davison-familien slo seg etter kvart ned i Bargy Castle i County Wexford i Ireland. Det var ei borg frå 1200-talet som Eric de Burgh kjøpte på 1960-talet. Han gjorde om borga til eit hotell, og den unge Chris song for gjestene der.[1]

Chris de Burgh blei elev ved Marlborough College i Wiltshire i England, der han var i årskullet under Nick Drake. Han spurde om å få bli med i jazzbandet The Perfumed Gardeners som Drake hadde starta saman med fire klassekameratar, men fekk avslag fordi hans musikksmak var for «pop-prega».[2] De Burgh tok eksamen på Trinity College i Dublin, og tok ein Master of Arts i fransk, engelsk og historie.[3]

Musikalsk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Tidleg karriere

[endre | endre wikiteksten]

Chris de Burgh skreiv fyrst platekontrakt med A&M Records i 1974. Han opptredde med SupertrampCrime of the Century-turneen, og fekk ein del fans då. Debutalbumet hans Far Beyond These Castle Walls var ikkje ulikt det folkmusikkbaserte lydbildet til The Moody Blues. Albumet kom ikkje på hitlistene etter å ha blitt gjeve ut sent i 1974. Nokre månader seinare gav han ut singelen «Turning Round» frå albumet, utanfor Storbritannia og Irland gjeven ut som «Flying». Albumet gjorde ikkje inntrykk i Storbritannia, men nådde toppen av dei brasilianske hitlistene og låg der i 17 veker. Dette blei ei vanleg oppleving for Chris de Burgh, då alle albuma hans frå 1970-talet ikkje kom på hitlistene i Storbritannia og USA, men blei populære på det europeiske kontinentet og i søramerikanske land.

I 1975 kom det andre albumet hans, Spanish Train and Other Stories, ut. Heller ikkje dette fekk kommersiell suksess, men albumet og ein turne auka storleiken på fanskaren hans. I tillegg til tittelsporet blei òg andre spor, som «Patricia the Stripper» og «Spaceman Came Travelling», populære. Den sistnemnde blei gjeven ut som singel året etter.

Det tredje albumet hans, At the End of a Perfect Day, kom ut i 1977 og blei godt motteke. Fairport Convention-trommeslagaren Dave Mattacks og den seinare Fairport Convention-trommeslagaren Gerry Conway var med på det. Det fjerde albumet hans, Crusader, kom ut i 1979. Crusader hadde ei meir elektrisk retning, inkludert bidrag av gitaristen Ian Bairnson (tidlegare i bandet Pilot), bassisten David Paton (også frå Pilot) og trommeslagaren Stuart Elliott (tidlegare medlem av Cockney Rebel og Steve Harley & Cockney Rebel). Alle desse musikarane arbeidde med Kate Bush på denne tida. På albumet deltok òg keyboardspelaren frå bandet Sky, keyboardspelarane Francis Monkman og Mike Moran. Sjølv om albumet tiltrekte seg fleire fans, mislukkast albumet Crusader med å skapa eit gjennombrot i Storbritannia og USA. Heller ikkje albumet Eastern Wind gav han ein ein større fanskare i Storbritannia.

Internasjonalt gjennombrot

[endre | endre wikiteksten]

I 1981 fekk de Burgh det fyrste album på dei britiske hitlistene med albumet Best Moves, ei samling av songar frå tidlegare album. Dette opna opp for albumet frå 1982, The getaway, som var produsert av Rupert Hine. Albumet nådde 30. plassen på topplista i Storbritannia og 43. plassen i USA, mykje på grunn av singelen «Don't Pay the Ferryman».

I 1984 kom det neste albumet til Chris de Burgh, Man on the Line, òg inn på hitlistene. Det nådde 11. plassen i Storbritannia og 69. plassen i USA (og toppa albumlistene i Tyskland og Sveits). Singelen «High on Emotion» blei ein internasjonal suksess som kom inn på Topp 20 i fleire land og gjekk heilt inn på Topp 5 i Irland, Frankrike og Sveits. Han kom inn på Topp 50 i Storbritannia og USA.

Chris de Burgh fekk ein hit med balladen «The Lady in Red» i 1986. Songen nådde fyrsteplassen på hitlista i Storbritannia og nådde tredjeplassen 3 i USA. Han blei ein internasjonal suksess, og albumet til singelen, Into the Light, nådde andreplassen på den britiske albumlista og 25. plassen i USA. Til jul det året kom det ut ei ny utgåve av de Burgh sin julesong frå 1976, «A Spaceman Came Travelling» , som nådde Topp 40 i Storbritannia.

Albumet Flying Colours, oppfølgjaren til Into the Light, nådde toppen av den britiske hitlista då det kom ut i 1988. Men det kom ikkje inn på dei amerikanske topplistene.

I 1997 laga de Burgh ein song med tittelen «There's a New Star Up in Heaven Tonight», som var vigd til til den nyleg avdøde prinsesse Diana. Songen kom ut med eit avgrensa tal eksemplar. Han er med på samlealbumet The Ultimate Collection (2000) og på albumet Now and Then (2009).

I 2008 gav de Burgh ut det syttande albumet sitt, Footsteps. Dette album inneheldt coverversjonar av 13 songar som hadde inspirert han gjennom heile karrieren hans. Det var songar av artistar som Bob Dylan, The Beatles, Toto og Pete Seeger. Albumet nådde Topp 5 i Storbritannia. I 2011 lanserte de Burgh oppfølgjaren, Footsteps 2, som kom inn på Topp 40 i Storbritannia.

De Burgh var den fyrste vestlege artisten som opptredde i Libanon etter den libanesiske borgarkrigen.

På 73-årsdagen sin 15. oktober 2021 gav Chris de Burgh ut ein musikkvideo for singelen sin «Legacy», redigert av den iranske filmprodusenten Sam Chegini.

År Tittel Høgdepunkt og andre merknader
1975 Far Beyond These Castle Walls «Turning Round», «Satin Green Shutters»
1975 Spanish Train and Other Stories «Spanish Train», «A Spaceman Came Travelling», «Lonely Sky» - gjeven ut i Sør-Afrika som Lonely Sky and Other Stories, fordi Spanish Train var forboden
1977 At the End of a Perfect Day «In a Country Churchyard»
1979 Crusader «Crusader»
1980 Eastern Wind «The Traveller»
1981 Best Moves Samlealbum med to nye sanger; «Waiting for the Hurricane» og «Every Drop of Rain».
1982 The Getaway «Don't Pay the Ferryman», «Borderline», «Ship to Shore»
1984 Man on the Line «High on Emotion»
1986 Into the Light «The Lady in Red», «Say Goodbye To It All»
1988 Flying Colours «Sailing Away», «Missing You»
1989 Spark to a Flame The Very Best of Chris de Burgh, to heilt nye songar
1990 High on Emotion: Live from Dublin Konsertopptak
1992 Power of Ten «By My Side»
1994 This Way Up «Here Is Your Paradise», «The Snows of New York»
1995 Beautiful Dreams Hovudsakleg gamle songar, men også nokre nye, spelt med klassiske instrument
1997 The Love Songs Samlealbum, nokre songar er nyarrangerte, tre nye songar
1999 Quiet Revolution «A Woman's Heart»
2001 Notes from Planet Earth Samlealbum med nokre nye songar
2002 Timing Is Everything «Guilty Secret»
2004 The Road to Freedom «Five Past Dreams»
2004 The River Sessions Konsertopptak
2006 The Storyman «The Storyman» (inneheld fleire referansar til tidlegare utgitte songar)
2008 Footsteps
2010 Moonfleet & Other Stories Konseptalbum. «Have A Care» og «The Escape» som høgdepunkta.
2011 Footsteps 2
2012 Home
2014 The Hands of Man
2016 A Better World
2021 The Legend of Robin Hood
  1. Bargy Castle, Co. Wexford, Travelmania Ireland
  2. Humphries (1997), p. 36.
  3. «Alumni Awardees 2009/10 - Trinity Development & Alumni - Trinity College Dublin». www.tcd.ie. Henta 2 August 2023.