Christa Luding-Rothenburger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christa Luding-Rothenburger
Bundesarchiv Bild 183-1988-0830-004, Christa Luding.jpg
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 4. desember 1959
Weißwasser
Idrett lengdeløp på skeiser, banesykling
Yrke skøyteløpar, sykkelryttar, banesyklist

Christa Luding-Rothenburger, fødd Christa Rothenburger, (fødd 4. desember 1959) er ein tysk tidlegare idrettsutøvar frå Weißwasser i delstaten Sachsen som representerte Aust-Tyskland i skeisesport og sykkelsport. I tida 1984-88 vann ho to olympiske gullmedaljar på skeiser og like mange VM-titlar på skeisebana, så vel som eitt VM-gull i sykkelsprint.

Bundesarchiv Bild 183-1988-0707-043, Christa Ludwig.jpg

Rothenburger vart nummer tre i sprint-VM på skeiser både i 1979 og 1983. Under dei olympiske vinterleikane i Sarajevo vart ho olympisk meister på 500 meter. Sesongen etter vart ho verdsmeister då sprint-VM fann stad i Heerenveen. Vinteren 1986 enda ho på andreplassen ved sprint-VM på skeiser i japanske Kariuzawa, før ho eit halvt år seinare vart verdsmeister i sykkelsprint i Colorado Springs i USA. Året etter, i 1987, deltok ho i dei same to idrettane i respektive verdsmeisterskap, måtte då eitt steg ned på sigerspallane til bronse på skeisebana og til sølv på sykkelarenaen.

OL-året 1988 vann Luding-Rothenburger sprint-VM på skeiser, før ho røska med seg gullmedaljen på 1000 meter og sølvmedaljen på 500 m under Vinter-OL i Calgary. Sju månader seinare vann ho sølv i sykkelsprint ved Sommar-OL 1988 i Seoul. Etter sølvmedalje i sprint-VM 1989 på skeiser, kom ho tilbake i 1992-sesongen og tok bronseplassen både på 500 m under vinterleikane 1992 i Albertville og ved sprint-VM 1992 på Valle-Hovin stadion i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]