Christen Tidemand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christen Tidemand
Fødd 24. januar 1779
Mandal
Død

27. april 1838
Mandal

Christen Tidemand (24. januar 177927. april 1838) var ein norsk tollinspektør og stortingsmann frå Mandal. Han var far til Adolph Tidemand.

Tidemand var fødd i Mandal, der faren var tollinspektør. Sjølv vart han som ung mann send til København for å studere. Han tok juridisk eksamen ved Københavns Universitet, og var privatsekretær for kronprins Frederik. Då faren døydde i 1805, vart han, berre 26 år gammal, utnemnd til tollinspektør i Mandal. Han nærast arva embetet etter far sin. Denne stillinga hadde han til han døydde.

Tidemand var 1. representant for Mandals amt ved det overordentlege Stortinget 1814, der han var medlem av Lagtinget. Bortsett frå denne reisa til hovudstaden og to reiser til København, oppheldt Tidemand seg einast i Mandal, etter han vart tollinspektør i byen. Han døydde i Mandal i 1838.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]