Christer Basma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ole Christer Basma (fødd 1. august 1972) er ein norsk tidlegare fotballspelar, best kjend for sine mange suksessrike sesongar som forsvarsspelar i Rosenborg Ballklub. Han spelte 40 landskampar for Noreg i tida 1995-2005.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Basma spelte for Bærum Sportsklubb åra 1990-92. Han melde då overgang til Kongsvinger IL og sesongane 1993-94 spelte han for hedmarkslaget i toppdivisjonen. Deretter gjekk turen til Stabæk IF. Etter tre-og-ein-halv sesong vart han overført til Rosenborg, midtvegs i 1998-sesongen. I over eit tiår, til han la opp hausten 2008, var han med å vinne mange medaljar med trondheimsklubben. Då ha la opp hadde han spelt samanhengande 16 sesongar i norsk eliteserie; 340 seriekampar og skåra åtte mål.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Basma debuterte på det norske landslaget i november 1995. Han måtte vente til januar 1999 før han på ny kunne ta på seg landslagsdrakta. Dei neste seks åra, til januar 2005, spelte han jamt på landslaget, oftast på høgrebacken. Han skåra aldri for Noreg.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1998, 1999, 2000, 2001, 2002, 2003, 2004 og 2006 med Rosenborg
  • Cupmeister: 1999 og 2003 med Rosenborg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

fotball.no