Christian Ødegaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Ødegaard
Fødd21. januar 1849
Død15. desember 1917 (68 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Christian Halvorsen Ødegaard (21. januar 184915. desember 1917) var ein norsk jarnbanemann, gardbrukar og stortingsmann frå Løten. Han var medlem av Venstre.

Ødegaard var son til ein gardbrukar. Sjølv var han frå 1868 jarnbanearbeidar, åra 1871-73 i USA. Etter han kom heim til Noreg var han dels kontraktør av arbeid ved jarnbanen, og dels oppsynsmann under jarnbanearbeid. Seinare kjøpte han ein gard i Askim og slo seg ned der, i tillegg var han banemeister ved jarnbanen.

Ødegaard var 1900-03 Smaalenenes amt sin 3. representant på Stortinget, der han representerte Venstre og var medlem av tollkomiteen. Han var medlem av heradsstyret i Askim i tjue år, og ordførar i perioden 1905-07.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]