Christian Andersen Neersten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Andersen Neersten
Fødd 1757
Død

17. september 1825

Yrke bonde, politikar

Christen Andersen Neersten (175717. september 1825) var ein norsk gardbrukar, lensmann og stortingsrepresentant.[1]

Neersten vart døypt 2. juli på Løddesøl i Øyestad. Han er i ettertid særleg kjent som lensmannen som var med på å arrestera Kristian Lofthus under Lofthusreisinga.[1] Han fekk tildelt ei sølvkanne for det, ho gjekk i 1816 med til å betale sølvskatten til Noregs Bank. I fylgje Tallak Lindstøl var han ein mann med kjempekrefter. Under ein krangel «tok han tre tøndesækker med rug iland samtidig, en i hver haand og en med tænderne, men da rømte slaaskjæmperne, som vilde ha tak i ham».

Han var 1. representant frå Nedenes amt til Stortinget i 1815.[2] Han var medlem av valkomiteen og militærkomiteen. Neersten var òg 2. suppleant frå Nedenes og Robygdelagets amt til stortinget i 1824.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Lindstøl, Tallak (1857-1925) (1914). Stortinget og statsraadet: samt tillæg. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri. s. 628. 
  2. Biografisk informasjon om Christian Andersen Neersten NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv