Christian August Lorentzen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian August Lorentzen
Christian August Lorentzen self portrait.jpg
Sjølvportrett
Fødd 10. august 1749
Sønderborg
Død

8. mai 1828
København

Christian August Lorentzen på Commons
Svinesund, 1793

Christian August Lorentzen (10. august 17498. mai 1828) var ein dansk målar. Han var ein allsidig målar som laga både sjanger-, landskaps- og slagmåleri.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lorentzen var son til ein urmakar. I 1771 flytta han til København der han var innom kunstakademiet, men det er usikkert om han var elev ved institusjonen. Frå 1779 til -82 var han utanlands for å lære meir, vitja både Nederlanda, Antwerpen og Paris. På denne utanlandsreisa kopierte han verk av eldre meistermålarar.

Vel heimkomen fekk han fleire bestillingar på portrett og var i samtida ein etterspurd portrettmålar, til liks med Jens Juel. Lorentzen måla elles sjangermåleri av meir folkeleg karakter, samt bilete av slag og av landskap. Til dømes kosta den seinare kong Fredrik VI i 1792 på han ei reise til Noreg, der han måla norske landskap. I ei rad måleri, som til dømes Slaget på Reden frå 1801 og Den rædsomste nat frå 1807, dokumenterte han sentrale hendingar i krigane mot Storbritannia i tida 1801 til 1814. Frå ikring 1809 måla han i hovudsak portrett, landskap og scener frå Ludvig Holberg sine komediar.

Lorentzen vart i 1803 utnemnd til professor ved Modelskolen på kunstakademiet i København etter Jens Juel og tok i 1809-10 over som direktør ved kunstakademiet etter Nicolai Abildgaard. Gjennom desse posisjonane hadde han stor innverknad på den neste generasjonen av danske målarar, mellom dei Martinus Rørbye.

Lorentzen døydde i København.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]