Christian Feyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Feyer
Fødd 17. februar 1792
Vågå
Død

26. september 1879
Eigersund kommune

Yrke sorenskrivar, politikar

Christian Feyer (17. februar 179226. september 1879) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Feyer var fødd i Vågå, utanfor ekteskap. Han var frå 1809 kopist i kommisariatkommisjonen, året etter tilsett i kommisariatkollegiet. Frå 1813 var han fullmektig i armédepartementet. Han tok norsk juridisk eksamen i 1818. Frå 1825 var han fut i Larvik. Den lange perioden 1834-67 var han sorenskrivar i Jæren og Dalane.

Feyer var i 1830 2. representant frå Jarlsberg og Larviks amtStortinget. Han var visesekretær i Stortinget, og ein månad sekretær i Odelstinget. Elles var han sekretær i komiteen om gasjar, pensjonar, budsjett- og skattevesen.

Han døydde i Eigersund i 1879.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]