Christian Frederik Fasting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Frederik Fasting
Fødd 15. oktober 1799
Vik
Død

16. februar 1887
Kristiania

Yrke offiser, politikar

Christian Frederik Fasting (15. oktober 179916. februar 1887) var ein norsk offiser og stortingsmann frå Vik i Sogn. Sorenskrivar Thomas Fasting var ein brorson.

Fasting var son til ein oberstløytnant. Han var sjølv offiser i militæret frå 1820, premierløytnant 1829 og kaptein 1842 i bergenske brigade, budde då garden sin i Vik. Sidan var han oberstløytnant og sjef for trondhjemske brigade frå 1847 og til sist krigskommissær 1860-85 i Tønsberg distrikt, busett i Kristiania. Både i 1854, 1866 og 1876 var han medlem av kongelege kommisjonar om høvesvis utskifting og «utskrivingsvæsen».

Fasting var frå 1837 den fyrste ordføraren i Vik herad. Både i 1845, 1848 og 1851 møtte han på Stortinget som ein av representantane frå Nordre Bergenhus amt. I 1845 var han medlem og 1848 sekretær i Militærkomiteen, medan han i 1851 var medlem i Militærkomite nr 2.

Fasting døydde ugift i Kristiania, 87 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]