Christian Gottlob Barth
| Christian Gottlob Barth | |
| Statsborgarskap | Kongeriket Württemberg |
| Fødd | 31. juli 1799 Stuttgart |
| Død |
12. november 1862 (63 år) |
| Yrke | regionhistoriker, skribent, samlar, pastor, grunnleggjar, forleggjar, lærar, lærebokforfatter, ungdomsforfatter, protestantisk prest, protestantisk teolog |
| Medlem av | Det bayerske vitskapsakademiet[*], Gesellschaft für Naturkunde in Württemberg[*] |
| Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja, Counter-Enlightenment[*], pietisme, Eskatologi |
| Prisar | Doctor of Theology (honorary) |
| Christian Gottlob Barth på Commons | |
Christian Gottlob Barth (31. juli 1799–12. november 1862) var ein tysk prest, forfattar og forleggjar.
Barth vart fødd i Stuttgart og var frå 1824 prest i Möttlingen, etter å ha gått i kloster i Tübingen. Overvelda av arbeid trekte han seg frå stillinga i 1838 og flytta til Calw. I 1833 grunnla han eit forlag i Calw som fremja misjonarbeid, prenta misjonsark og misjonssongar. Han talte på mange misjonsmøte, særleg ofte i Basel. Forlaget hans gav ut kristne lærebøker og oppbyggjelege skrifter. Hans mange bibelske forteljingar nådde vide om og hadde ved hundreårsjubileet kome ut i 476 utgåver med minst 5 000 i opplag. Fleire av forteljingane vart omsett til norsk, mest kjent er 'Den fattige Henrik'. Han skreiv også ei kyrkjehistorie og Württembergs historie. Barth hadde kontaktar i mange delar av verda. Såleis hadde han ei etnologisk samling som han gav vidare til naturhistoriske museum i Stuttgart og München.
Barth var ein allsidig intellektuell med livleg tankekraft og sjeldan stor energi.