Christian Grimsgaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Grimsgaard
Clara Mørch - Portrett av Christian Semb Grimsgaard - 1880 - Oslo Museum - OB.00217.jpg
Fødd2. august 1824
Christiania
Død30. mai 1895
Drammen
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, offiser, tollar
BarnClara Mørch

Christian Semb Grimsgaard (2. august 182430. mai 1895) var ein norsk offiser, tollar og stortingsmann frå Kristiania.

Grimsgaard var son til ein handelsmann. Sjølv gjekk han offisersvegen og tok eksamen ved krigsskulen i 1844. Etter tre år på høgskule, gjekk han i 1847 over i artilleribrigaden. Han vart sekondløytnant 1848, premierløytnant 1850 og stabskaptein 1856. Frå 1861 var han major i hæren, vidare 1864 oberstløytnant og 1866 oberst. Han gjorde teneste i generalstaben frå 1852, generalstabssjef var han frå 1872. Tida 1860-66 var han referent for kommandosaker hos kongen i Stockholm. I 1878 vart han utnemnd til generalmajor i hæren og sjef for 1. akershusiske brigade. Han var då kommandant ved Fredriksten festning. I 1890 tok han avskjed frå det militære, og var sidan tollar i Drammen.

Grimsgaard var med i ei rad kommisjonar omkring militære tilhøve. År 1864 kom han med i den norsk-svensk kommisjonen vedkomande opplæring i felt, tida 1868-70 gjaldt det nytt reglement for infanteriet, også det eit norsk-svensk samarbeid. Vidare var han medlem av den store militærkommisjonen av 1870 og fleire andre militærfaglege kommisjonar.

Grimsgaard representerte Kristiania, Hønefoss og KongsvingerStortinget 1880-82 og på omframstortinget 1882, medlem av militærkomiteen.

Han døydde i Drammen i 1895.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914