Christian Hirsch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Hirsch
Christian Worm Sommerschild Hirsch.JPG
Fødd 8. oktober 1831
Stjørdal
Død

2. mai 1904
Trondheim

Yrke politikar, advokat, dommar, banksjef

Christian Worm Sommerschild Hirsch (8. oktober 18312. mai 1904) var ein norsk sakførar, bankmann og stortingsmann frå Stjørdal. Robertus Hirsch var far hans.

Hirsch vart student frå Trondhjem katedralskole i 1849 og cand. jur. i 1853. Sidan var han kopist i Finansdepartementet frå 1854, og frå 18?? overrettssakførar i Trondheim. Tida 1868-88 var han banksjef for Nordenfjeldske Kreditbank. Han var direktør for Noregs Bank frå 1888, medlem av representantskapet 1869-88, formann i tolv år. Frå 1888 var Hirsch formann i inspeksjonen for Angellske stiftelser, også styremedlem i Trondhjems brannforsikringsselskap. Han var medlem av bystyret i Trondheim frå 1866, ordførar i seks år.

Hirsch representerte Trondheim og LevangerStortinget periodane 1874-76, 1880-82 og 1889-91. Han var i 1874 medlem av justiskomite nr 2, 1875-76 av justiskomiteen, 1880-82 av budsjettkomiteen 1880-82, 1882 av skattekomiteen, 1889-91 av Lagtinget og næringskomite nr 1, samt 1890-91 av valkomiteen. Han var medlem av bankkommisjonen av 1884.

Hirsch døydde i Trondheim i 1904.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914