Christian Holberg Gran Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Holberg Gran Olsen
Fødd13. mars 1835
Sveio
Død5. mars 1921
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkeoppfinnar
BarnBarthold Hansteen Cranner

Christian Holberg Gran Olsen (13. mars 18355. mars 1921) var ein norsk instrumentmakar og oppfinnar, kalla «Kikkert-Olsen». Han vart utdanna i Bergen og Hamburg og opna eigen verkstad i Oslo i 1861. Han vann snart internasjonalt ry, og konstruerte mellom anna eit telegrafapparat som vart løna med gullmedalje både ved verdsutstillinga i Paris 1878 og den internasjonale elektriske utstillinga same stad i 1881. Han bygde i 1885 den største astronomiske kikkerten i Norden, og oppretta eit stjerneobservatorium for publikum i Slottsparken i Kristiania, «Kikkertpaviljongen», som var det første folkeobservatoriet i Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Om «Observatoriet på Abelhaugen» i Astronomen og universet : praktisk innføring i astronomi (1981) side 8–9
  2. Om «Folkeobservatoriet i Kristiania Slotspark» i Fixstjerner og Stjernebilleder : en populær-astronomisk Skildring (1895) side 13 og 272
  3. Om Chr. H. G. Olsen i Oslo-optikk gjennom femti år : Oslo optiske instrumentmakerlaug. 1911-1961 side 19–21