Christian Ihlen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Christian Johansen Ihlen (26. november 183814. januar 1901) var ein handelsmann, gardbrukar og stortingsmann frå Modum i Buskerud. Han røysta i lag med Moderate Venstre.

Ihlen var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han eit år på Tordenskjoldskulen i Holmestrand, og var så sjømann i tre år. Sidan arbeidde han som handelsbetjent i Fredrikshald og i Hokksund. Frå 1867 dreiv han forretning i Drammen. År 1871 overtok han garden Ullern i Øvre Eiker etter svigerfaren, og var sidan gardbrukar.

Ihlen var medlem av heradsstyret 1882-91, ordførar i Eiker 1884-85 og det utskilde heradet Øvre Eiker 1889-91. Han var presten sin medhjelpar frå 1874, og medlem av tilsynskomiteen for Randsfjordbana. Ihlen representerte Buskeruds amtStortinget i perioden 1889-91. Han var medlem av næringskomite nr 1.

Han døydde på garden sin i Øvre Eiker i 1901.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914