Christian Koren Wiberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Koren Wiberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. oktober 1870
Bergen
Død

22. mars 1945 (74 år)

Yrke kunstmålar, kunsthistorikar
Ektefelle Mary Koren Wiberg
Christian Koren Wiberg på Commons

Christian Koren Wiberg, fullt namn Johan Christian Koren Wiberg (18701945), var ein biletkunstnar, forfattar, arkeolog, kulturhistorikar og museumsmann i Bergen. Han har vore leiar av to av dei viktigaste kulturinstitusjonane i byen, Det Hanseatiske Museum (skipa av far hans, J. W. Olsen) og Bergens Kunsthåndverkskole (som seinare vart Kunsthøgskolen i Bergen), som han sjølv hadde skipa. I 1953 fekk han ein offentleg plass i Bergen oppkalla etter seg, Koren Wibergs plass, som tidlegare heitte Øvregatens allmenning.

Christian Koren Wiberg stod for arkeologiske utgravingar og dreiv kulturhistorisk forsking. I åra 1900–1921 gjennomførte han arkeologiske utgravingar på Bryggen i Bergen, der han avdekka leivningane av Peterskyrkja, og han fann òg vinkjellaren under det eldste rådhuset i byen. Kunnskapane sine om lokalhistoria gjorde han levande i sitt skjønnlitterære forfattarskap. I romanane Janicke Woltmann, Jomfru Pegelau og Thomas Ferdinand Sohlreder er dagleglivet i Bergen på 1700–talet skildra. Dessutan skreiv han skodespelet Clamer Eberhard, som vart synt på Den Nationale Scene i 1913.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]