Christian L. Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian L. Jensen
Christian Ludvig Jensen.jpg
Fødd 17. november 1885
Oslo
Død

4. september 1978

Yrke politikar, advokat

Christian Ludvig Jensen (17. november 18854. september 1978) var ein norsk jurist og politikar. Han var stortingsrepresentant for partiet Høgre i Oslo frå 1937 til -45. Statsråd Christian Jensen var farfar hans.

Far til Jensen var byrettsjustitiarius i Kristiania, og han sjølv vart cand. jur. i 1909. Deretter arbeidde han som dommarfullmektig ved Moss sorenskrivarembete i to år til 1911. I 1912 og -13 studerte han i Tyskland.

Frå 1913 var Jensen fullmektig hos Oslo-advokatane Fredrik Stang Lund og Jens Michael Lund. Etter at han sjølv tok advokaturen i 1917 var han kompanjong i same advokatfirmaet. Han arbeidde i firmaet til 1976. Perioden 1946-63 var han redaktør i Norsk Retstidende.

Jensen var ordførar i Aker kommune frå 1935 til han i 1941 vart avsett av okkupasjonsstyret. Etter den tyske kapitulasjonen kom han tilbake i ordførarombodet våren 1945 og var ordførar ut året. Frå 1937 til 1945 representerte han partiet Høgre på Stortinget. På Tinget var han medlem i Kommunalkomiteen.

Jensen hadde ei lang rekke styreverv og tillitsverv både på nasjonalt og lokalt plan. Han var styreformann i Norges Kommunalbank frå 1945 og for Oslo bymuseum frå 1946. Ei tid var han styreleiar i forsikringsselskapet Eidsvold, og av AS Buskerud Papirfabrikk. På fritida var Jensen ein mykje aktiv friluftsliv-mann, mellom anna styremedlem og 1926-28 formann i Norsk Tindeklub og sidan styremedlem og 1933-40 formann i Den Norske Turistforening. Også formann i Christiania Skiklubb.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]