Christian Leden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Leden
Fødd 17. juli 1882
Inderøy
Død

19. november 1957

Yrke antropolog, musikkforskar, komponist

Christian Leden, opphavleg Kristian Johnsson Refsaas, (17. juli 188219. november 1957) var ein norsk oppdagingsreisande og musikkgranskar frå Inderøy.

Kristian Johnsson Refsaas var son til ein gardbrukar og musikksersjant på Inderøy i Nord-Trøndelag. I ungdomsåra var Kristian organist i Sakshaug kyrkje i heimbygda. Sidan studerte han musikkvitskap i Tyskland. Han fatta stor interesse for musikken til inuittaneGrønland, og med midlar frå det danske Carlsberg-fondet reiste han sommaren 1909 rundt om i Grønland på samlarferd. Han reiste då i lag med den danske polarforskaren Knud Rasmussen.

I 1910 tok han etternamnet Leden. Som oppdagingsreisande fór han oftast til arktiske område, men var òg i det indre av Sør-Amerika. Han lærde seg inuittisk språk, og i løpet av ein treårig ekspedisjon i Keewatin på vestkysten av Hudson Bay gjekk han frå landsby til landsby, og helste på alle ibuarane.

Med økonomisk stønad frå Geological Survey i Canada kunne Leden halde fram med sitt etnografiske arbeid over fleire år. På desse reisene i Grønland og Canada handla og bytta han til seg alt frå kunst- til bruksgjenstandar. Særleg tok han opp mykje musikk, omkring 1000 voksrullar er samla i Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Opptaksutstyret hadde han elles med seg overalt, også i Noreg. Også ein heil del film og fotografi frå reisene hans er bevart.

Då Leden trappa ned felt- og registreringsarbeidet, reiste han vide i verda og heldt foredrag om arbeidet sitt. Han gav ut i alt tre bøker basert på delar av det innsamla materialet, alle på tysk språk.

Leden busette seg i Berlin i siste halvdelen av 1920-åra. Han engasjerte seg i eit pangermanistisk miljø, der han våren 1930 førelas over temaet «Civilisasjonens og raseblandingens innflydelse på folkekraften». I 1934 fekk han ei stilling ved Universitetet i Berlin og arbeidde med å vise samanhengar mellom folkemusikk og rase.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]