Christian Lindberg
| Christian Lindberg | |
| Statsborgarskap | Sverige |
| Fødd | 15. februar 1958 (68 år) Stockholm |
| Yrke | dirigent, komponist, trombonist |
| Språk | svensk |
| Medlem av | Kungliga Musikaliska Akademien |
| Far | Arne Lindberg |
| Mor | Ulla-Monica Lindberg |
| Nettstad | http://www.tarrodi.se/cl/ |
| Christian Lindberg på Commons | |
Christian Lindberg (fødd 15. februar 1958 i Stockholm) er ein svensk trombonist, dirigent og komponist.
Lindberg begynte å spele trombone først som 17-åring og blei allereie etter to år tilsett i Kungliga Hovkapellet. Etter vidare utdanning blei han verda si første heiltids profesjonelle trombonesolist. Han har eit nært samarbeid med komponisten Jan Sandström, noko som bl.a. har resultert i to trombonekonsertar. Fleire andre komponistar har òg skrive musikk for Lindberg.
På starten av 2000-talet begynte Lindberg òg å dirigere og komponere profesjonelt. Han er sjefsdirigent for Nordiska Kammarorkestern i Sundsvall og Stockholms Läns Blåsarsymfoniker.
I 2003-2006 komponerte Lindberg ein konsert for bass-, tenor- og alttrombone og orkester med tittelen Chick'a'Bone Checkout, bestilt av Chicago Symphony Orchestra og tileigna orkesteret sin trombonist Charles Vernon, som urframførte verket 28. september 2006.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Christian Lindberg» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2008.