Christian Lous Lange
Christian Lous Lange | |
![]() | |
Fødd | 17. september 1869 Stavanger kommune |
Død |
11. desember 1938 (69 år) |
Yrke | historikar, statsvitar, skribent, fredsaktivist, diplomat, politikar |
Christian Lous Lange på Commons |
Christian Lous Lange (17. september 1869–11. desember 1938) var ein norsk fredspolitikar.
Lange blei cand.mag. i 1893. I dei påfølgjande åra var han dels på lengre studiereiser for å lære seg språk, dels jobba han som lærar i Oslo. Mellom 1900 og 1910 var han sekretær ved Nobelinstituttet og Nobelkomiteen i Oslo og bibliotekaren og forretningsføraren til stiftinga.
Frå 1909 var han generalsekretær ved Den interparlamentariske unionen, fyrst i Bern, deretter i Brussel og til slutt i Genève. Dette embetet heldt han heilt til 1933, og det var dette embetet som gjorde at han blei tildelt Nobels fredspris i 1921. Han er spesiell som mottakar av Nobels Fredspris av di at heile virket hans i mange år dreidde seg nettopp om fred, og vilkår for fredelege løysingar. Lange var attpåtil den fyrste nordmannen som blei tildelt fredsprisen.
I 1919 blei han kreert til dr.philos. ved Universitetet i Oslo på grunnlag av verket Histoire de l'internationalisme.
Han var far til utanriksminister Halvard Lange og stortingsrepresentant Carl Viggo Lange; og etterkommar av Christian Christoph Andreas Lange, riksarkivar og ein viktig person for tilgang til norsk mellomalderlitteratur.
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
- Lærebok i verdenshistorie fra oldtidens slutning til vore dage (med H. Schjøth)
- Histoire de l'internationalisme (1919) (Fyrste del av et stort anlagt verk)
- Lærebok i verdenshistorie (1931) (med N. Østbye)