Christian Münster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Münster
Fødd13. august 1871
Død2. desember 1924
Yrkeingeniør

Christian Andreas Münster (13. august 18714. desember 1924) var ein norsk bergmann frå Brevik i Telemark. Han var ein pioner i elektrisk malmleiting i Noreg , direktør for Båsmo gruver 1897–1910 og Kongsberg Sølvverk 1910–17, der etter teknisk direktør ved Norske Svovelkisgruber A/S.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Etter examen artium 1888 begynte Münster på bergstudiar. I studietida dreiv han feltarbeid for Noregs geologiske undersøking i Kongsberg-traktene og 1889–92 var han amanuensis ved Universitetets metallurgiske laboratorium. Han vart uteksaminert cand.min. i 1892 og arbeidde så som bergproberar ved Kongsberg Sølvverk. Her leia han forsøk med kjemisk utvinning av sølv frå berg med svakt metallinnhald. Kjemisk ekstraksjon av sølv med cyanid vart ein viktig metallurgisk innovasjon på Kongsberg.

I 1897 reiste Münster til Rana som direktør for det belgisk-eigde selskapet Bossmo A/S Gruber. Åra framover arbeidde han med fleire av dei største førekomstane av svovelkis i Noreg, ei sentral grein i den industrielle bergverksdrifta, mellom anna som konsulterande ingeniør for fleire selskap. Han tok såleis del i danninga av A/S Stordø Kisgruber og flytta til Stord i 1907. År 1909 kjøpte han kisgruvene på Varaldsøya, der han starta ei mindre drift. I 1911-12 fann Münster godt med kis i Gjersvik i Grong og han var konsulterande ingeniør ved A/S Grong Gruber 1912–20, styremedlem 1913–19 og styreformann 1917–19.

Frå 1910 til 1917 var Münster tilbake på Kongsberg som direktør for sølvverket. Verket var i full gang med ei omfattande modernisering som Münster førte vidare gjennom bruk av bensinlokomotiv og karbidlykter. I 1917 deltok han i stiftinga av Norske Svovelkisgruber A/S, eit selskap som kjøpte gruvene i Båsmo, Varaldsøy og Mælen. Han fekk jobben som teknisk direktør i selskapet og flytta i 1918 til Kristiania. Münster var styremedlem i Foreningen for Export av kobberfattig Svovlkis frå stiftinga i 1916, formann frå 1919 til han døydde.

Münster var historisk interessert og bidrog til utviklinga av Kongsberg sølvverk sin samlingar. Mellom anna gav han i 1894 ut Kongsberg Ertsdistrikt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]