Christian M. Kahrs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian M. Kahrs
Fødd24. september 1858
Død12. juli 1924
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre, Samlingspartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedBergen Katedralskole

Christian Meidell Kahrs (24. september 185812. juli 1924) var ein norsk jurist, forretningsmann frå Bergen aktiv politikar for Venstre og for Samlingspartiet.

Kahrs var son til ein kjøpmann. Han tok studenteksamen ved Bergen katedralskole i 1877 og juridisk embetseksamen i 1881. I 1882 arbeidde han som sorenskrivarfullmektig i Hallingdal. Frå 1883 til 1909 var han kjøpmann i Bergen, og frå 1909 direktør for Bergens Sparebank, seinare også styreleiar for same banken.

Kahrs var medlem av Bergen bystyre frå 1893 til 1910, ordførar i Bergen frå 1899 til 1901 då han repesenterte Venstre. Han var stortingsrepresentant for Bergen og Samlingspartiet i perioden 1903-1906, permittert frå 14. desember 1905. På Stortinget var han medlem av jarnbanekomiteen og i 1905 av den forsterka justiskomiteen. Han var også med i deputasjonen som Stortinget sende til København for å forhandle med den seinare kong Haakon VII. Kahrs var elles formann for tilsynskommisjonen for Bergensbanen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]