Christian Mayer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Mayer
Fødd 10. januar 1972
Finkenstein am Faaker See
Yrke alpinist

Christian Mayer (fødd 10. januar 1972) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Finkenstein i Kärnten som vann ein OL-bronse både i 1994 og 1998, samt VM-bronse i 1997. I 1994 vann han FIS-pokalen, verdscupen, i storslalåm.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Mayer meisterskaps-debuterte med ein tiandeplass i storslalåm under Vinter-OL 1992 i Albertville. To år seinare, under OL 1994Lillehammer, tok han bronsemedaljen i storslalåm, i 1996 vart han nummer seks i same greina under VM i alpine greiner 1996 i Sierra Nevada.

Ved verdsmeisterskapen 1997 i Sestriere måtte Mayer nøye seg med ein tiandeplass i super-G. Han lukkast klart betre under vinterleikane 1998 i Nagano, der han tok bronsen i kombinasjonen og vart nummer fem i slalåmrennet. Også frå VM i alpine greiner 1999 i Vail i Colorado kom han heim med ein bronsemedalje, den gongen i slalåm. I seinare internasjonale meisterskap fekk han ikkje delta stort, ein 14. plass i storslalåm i VM 2003 i St. Anton var det han oppnådde.

Frå desember 1993 til mars 2000 vann Mayer sju renn i verdscupen i alpine greiner, seks i spesialgreina storslalåm og eitt i super-G. I 1994, hans beste sesong, vann han storslalåm-greina av verdscupen i alpine greiner.

Mayer la opp som aktiv alpinist i 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar