Hopp til innhald

Christian Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Olsen
Fødd19. juli 1844
Modum kommune
Død4. juli 1919 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkebrukseier, ingeniør, politikar
Alle verv

Christian Olsen (19. juli 18444. juli 1919) var ein norsk verkseigar og politikar frå Modum i Buskerud. Frå 1864 til 1875 var han tilsett ved jarnbaneanlegg, der han førte tilsyn med ingeniørarbeidet. I 1868 tok han over farsgarden Ton og dreiv denne ved sidan av annan verksemd. 1875-85 forvalta han Eidsfoss jarnverk, deretter eigde han halve verket.

Olsen var medlem av heradsstyret i Hof frå 1890, ordførar 1902-04 og 1908-1916. I tillegg var han 1901-04 forlikskommissær og 1901-12 formann i skulestyret. Frå 1908 var han medlem i tilsynsnemnda for Skiensbanen.

1903-06 representerte han Jarlsberg og Larviks amt i Stortinget, der han sokna til Høgre-partiet. På Tinget var han medlem i Sosialkomiteen.