Christian P. Mathiesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian P. Mathiesen
Christian P. Mathiesen.jpg
Fødd14. april 1870
Oslo
Død8. august 1953
Våler
NasjonalitetNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
FarHaaken C. Mathiesen
BarnHaaken C. Mathiesen d.y.

Christian Pierre Mathiesen (14. april 18701953) var ein godseigar frå Kristiania, statsråd og stortingsmann for partiet Høgre. Haaken Mathiesen var far hans.

Mathiesen vart student frå Aars og Voss skole i 1888, og tok eksamen ved Sem landbruksskole i 1890. Han studerte agronomi vidare i Danmark i eit år. I 1893 overtok han storgarden Linderud i Østre Aker etter far sin, der han budde sidan. Garden vart i hans tid utvikla til eit mønsterbruk med omfattande verksemd.

Han var statsråd og sjef for Landbruksdepartementet frå 22. oktober 1903 til 25. september 1904 i Francis Hagerups andre regjering.

I perioden 1900-03 var Mathiesen 3. representant frå Akershus amtStortinget, representerte Høgre (Samlingspartiet).

Mathisen hadde ei rekke kommunale verv i Aker og vidare. Han var både varaordførar i heradsstyret, direktør i sparebanken, samt formann i representantskapet i Selskabet for Norges Vel. Vidare var han med å starte Fellesslakteriet og hadde ei rekke styreverv i institusjonar og industriføretak. Han skreiv ei lang rekke innlegg i pressa om økonomi, politikk og landbruk.

I 1904 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Han var også kommandør av den danske Dannebrogordenen. År 1939 vart han æresmedlem i Selskabet for Norges Vel.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]