Christian P. Storjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian P. Storjord
Fødd 24. mars 1848
Død

19. juli 1914 (66 år)

Yrke politikar

Christian Angell Pedersson Storjord (24. mars 184819. juli 1914) var ein norsk gardbrukar, kommunemann og stortingsmann frå Beiarn i Nordland. Han var venstremann.

Storjord var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han 1867-68 på Nordland amt sin landbruksskule. Frå 1869 var han i to år gardsstyrar på Løvøy i Steigen, deretter to år i same stilling på prestegarden i heimbygda Beiarn. I 1873 overtok han farsgarden og dreiv denne sidan.

Storjord var medlem av heradsstyret i Beiarn 1876-1910, i 20 av dei 35 åra var han ordførar. Tida 1881-88 var han også kommunekasserar. Elles var han forlikskommissær, styreformann for Saltens fiskeriselskap og sat òg i mange andre framskotne posisjonar.

I alle stortingsbolkane frå 1889 til -97 var Storjord varamann til Stortinget for Venstre i Nordland. Perioden 1906-09 var han Søndre Salten krins sin representant på Stortinget. Han var då medlem av landbrukskomiteen. Grunna sjukdom, møtte han ikkje i 1909-sesjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]