Christian Paus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Paus
Fødd 15. februar 1785
Skien
Død

6. november 1869
Gjerpen

Christian Paus (15. februar 17856. november 1869) var ein norsk proprietær og stortingsrepresentant frå Skien.

Paus var son av ein skipper frå Skien. Faren døydde til sjøs i 1797, då sonen var 12 år gammal. I vaksen alder, år 1816, kjøpte Paus garden Kjølsnes i Gjerpen av svograne sine, Niels og Frederik Løvenskiold for 20 000 spesiedalar. Han dreiv sidan garden, fekk dyrka opp og utvida jordvidda. I 1831 var han mellom stiftarane av Selskabet for Gjerpen Sogns Vel i 1831.

Paus representerte Bratsbergs amtStortinget 1830. Han var medlem av komiteen om gasjar, pensjonar, budsjett og skattevesen. Til to storting, 1821 og 1827, var han 1. varamann.

Han døydde på Kjølsnes i 1869.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]