Christian Petersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Petersen
Fødd 12. april 1858
Død

2. november 1948

Yrke entreprenør

Christian Petersen (12. april 18482. november 1948) var ein dansk-norsk fabrikkeigar og politikar, fødd i Sundeved i Sønderjylland i Danmark.

Petersen var son til ein teglverkseigar. Sjølv gjekk han i 1875-76 ein fagskule i tekstilindustri i Limbach i tyske Sachsen. Han flytta så til Bergen og grunnla i 1879 J. & C. Petersen trikotasjefabrikk på Hop i Fana, eit firma han og eit syskenbarn dreiv til 1886. Året etter vart han direktør i det nystarta aksjeselskapet Petersen & Dekkes trikotasjefabrikker i Bergen. I 1896 starta han opp ein sjølveigd kjoletøyfabrikk i Eidsvåg i Åsane, den fyrste i sitt slag i Noreg. Seinare grunnla han filialfabrikkar i Sverige.

Petersen var medlem i bystyret i Bergen 1898-1901 og 1913-16. Valperioden 1922-24 representerte han Bergen by og partiet HøgreStortinget, der han var medlem av Tollkomiteen.

Han var medlem i tolltariff-kommisjonane av 1903 og 1915, samt i fossefall-kommisjonen av 1911. Formann 1906-12 i Bergens Haandværks- og Industriforening.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]