Christian Radich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Radich
Fødd 15. august 1822
Død

29. juni 1889 (66 år)

Yrke forretningsdrivande

Simeon Christian Radich (15. august 182229. juni 1889) var ein norsk rittmeister, trelasthandlar og skipsreiar. Radich var fødd i Fredrikshald og levde størstedelen av livet i Christiania.

Radich er kjend for å ha namngjeve SS «Christian Radich». Sidan han ikkje hadde arvingar bestemte han at formua han etterlet seg skulle gå til bygging av eit skuleskip. Og då SS «Christian Radich» var bygt i 1937 fekk skipet namn etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]