Christian Sørenssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Sørenssen

Fødd25. september 1765
Kristiansand kommune
Død16. august 1845 (79 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
BarnSøren Anton Wilhelm Sørenssen
Alle verv

Christian Sørenssen (25. september 176516. august 1845) var ein norsk prest og stortingsmann.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sørenssen var fødd i Kristiansand, der far hans var grovsmedmeister. Han vart student frå katedralskulen i byen i 1782. Han avla filologisk eksamen i 1784, og vart cand. theol. året etter. Deretter arbeidde han som lærar i heimbyen, til han i 1791 vart aftansongprest i Strømsø i Drammen og attåt rektor ved Strømsø skule. I 1797 vart han sokneprest i Risør, der han reformerte skulestellet. I 1804 vart han utnemnd til stiftsprost i Kristiansand, og sokneprest for domkyrkjesoknet.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Den 11. april 1811 vart Sørenssen innvigd til biskop i Kristiansands Stift, han var den siste norske biskopen som vart innvigd i København. Stiftet dekte det som i dag er Agderfylka og Rogaland.

Sørenssen var representant for Kristiansand på dei to første stortinga. På det overordentleg stortinge i 1814 var han president i Odelstinget og medlem av tre komitear. Han var medlem av deputasjonen som møtte Kristian Fredrik den 10. oktober 1814, også medlem av deputasjonen som 7. november gjorde kongevalet kjent for kronprinsen som då oppheldt seg i Fredrikshald. På 1815-16-stortinget var han medlem av Lagtinget og ti komitear. Han var elles medlem av riksretten 1815–1816. Sørenssen var heller lite oppteken av politikk, og utmerka seg ikkje som talar under stortingsforhandlingane.

Sørenssen var med å stifte Det norske bibelselskap i 1815, formann i sentralkomiteen til han døydde. Åra 1818–1820 oppheldt han seg i Tyskland, hovudføremålet var å sette seg inn i den lancasterske undervisningsmetoden. Han vitja elles Italia, Frankrike, England og Nederland.

Frå 1823 til 1845 var Sørenssen biskop i Akershus stift, som tilsvarar dagens bispedømme Oslo, Hamar og Tunsberg, i tillegg til Telemark. I denne perioden var han elles medlem av undervisningskommisjonen av 1839. Prokanslar ved universitetet i Kristiania 1840.

Sørenssen døydde 16. august 1845 i Våler, på veg frå Moss til Son under ei visitasreise.

Søren Anton Wilhelm Sørenssen var sonen hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Christian Sørenssen