Hopp til innhald

Christian Selmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Selmer

Fødd16. november 1816
Halden kommune
Død1. september 1889 (72 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
ReligionDen norske kyrkja
Yrkepolitikar, byfogd, advokat, auditør
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
MorJohanne Ditlevine Michea Vibe
FarJohan Christian Selmer
EktefelleAnna Sylvia Leganger
BarnJørgen Leganger Selmer, Ida Hellesen
Alle verv
  • stortingsrepresentant (18711873)
  • Norsk statsminister (18801884)
  • stortingsrepresentant (18741876)
  • Norsk justisminister (18771878)
  • Norges armeminister (18741875)
  • Norges armeminister (18751875)
  • Norges armeminister (18791880)
  • Norges indreminister (18751876)
  • Norges indreminister (18781879)
  • Norges revisjonsminister (18791879)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (18761877) Sjå dette på Wikidata

Christian August Selmer (16. november 18161. september 1889) var ein norsk statsminister, jurist og konservativ politikar.

Selmer var fødd i Fredrikshald, der faren var kjøpmann. Han vart student i 1837 og cand. jur. i 1842. Deretter var han sorenskrivarfullmektig fram til 1846, før han i to år var kopist i dels finans-, dels justisdepartementet. Han var sakførarfullmektig frå 1848, underrettssakførar i Drammen frå 1850. Frå 1862 vart han byfut same staden.

1871-74 var Selmer 2. representant frå Drammen på Stortinget. Han var medlem av justiskomite nr 1, formann i komiteen 1874. Sommaren 1874 gjekk inn i statsrådet. Han var fyrst justisminister, seinare indreminister fram til 1880.

Hausten 1880 danna Selmer eit nytt ministerium. Under den politiske striden om statsrådars tilgang til Stortinget vart Selmer-ministeriet sett under riksrettstiltale. 27. februar 1884 dømde riksretten Selmer til å ha sitt «embete forbrutt», fyrst og fremst for å ha frårådd sanksjon i statsrådssaka. 11. mars gjekk Selmer av. Deretter vart Selmer frådømt embetet sitt. 8. april same året vart han konstituert generalauditør for hær og marine.

Selmer døydde på Bygdøy i Kristiania i 1889.