Christian Skredsvig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Skredsvig
Tjernet, 1879
«Ballade», 1885
Løkken Gimle, 1911

Christian Skredsvig (12. mars 185419. januar 1924) var ein norsk målar og forfattar. Han er særleg kjend for sine stemningsfulle bilete frå norsk skogsnatur, samt fransk landsbygd.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Christian Skredsvig vart fødd på Modum i Buskerud i 1854. 15 år gammal byrja han på Eckersberg tegne- og malerskole i Christiania, der han fekk friplass fordi han kom frå fattige kår i ein stor familie. Han studerte sidan i København, og ved kunstakademiet i München og i Paris. I 1881 vann han, som einaste norske kunstnar, gullmedalje for måleriet Une ferme a Venoix (Ein bondegard i Venoix) ved Salongen i Paris. Etter mange år i Paris flytta han i 1886 heim til Noreg og garden Fleskum i Bærum. Blant dei mest kjende måleria til Skredsvig er Seljefløiten, måla ved Dælivannet i Bærum og På vildgræs, måla i Eggedal 1894.

I 12 år var han gift med Maggie Plathe frå Høvik, men han vart skild frå henne i 1894 og flytta då til Eggedal i Sigdal kommune. Her bygde han heimen sin «Hagan», museum frå 1970. I 1898 gifta han seg med Beret Berg frå Eggedal og dei fekk fire barn saman. Eggedalsnaturen gav Skredsvig ro og inspirasjon. Kjende måleri frå Eggedal er Vår i Hagan, Idyll og Jupsjøen. I 1896 flytta også Skredsvigs gode ven frå studietida i München, kunstnaren Theodor Kittelsen, til Sigdal.

Skredsvig skreiv også bøker, og i 1908 utgav han sjølvbiografien Dage og Nætter blandt Kunstnere, seinare følgde romanane Møllerens Søn (1912) og Evens hjemkomst.

Skredsvig vart buande i Hagan i Eggedal fram til han døydde i 1924. På gravstaden hans reiste ungdommen i Eggedal ein bauta med desse orda hogde inn i steinen:

«Udødelig ditt navn vil stå, din kunst vil fjerne slekter nå».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]