Christian Tybring-Gjedde
| Christian Tybring-Gjedde | |||
| Christian Tybring-Gjedde Foto: FrPMedia | |||
| Fødd | 8. august 1963 (62 år) Oslo | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Framstegspartiet (1980; 14. juli 2024), partilaus (14. juli 2024; 30. september 2025) | ||
| Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja | ||
| Yrke | politikar, embetsperson, diplomat, vannpolospiller | ||
| Utdanna ved | Loyola University Chicago University of Denver NATO Defense College | ||
| Far | Harald Tybring-Gjedde | ||
| Ektefelle | Ingvil Smines Tybring-Gjedde | ||
| Barn | Mathilde Tybring-Gjedde | ||
| Alle verv |
| ||
Christian Tybring-Gjedde (fødd 8. august 1963 i Oslo) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 2005, vald på nytt ved stortingsvalet 2009 og er medlem av finanskomiteen.
Tybring-Gjedde har ein bachelorgrad i Political Science frå Loyola University i Chicago i USA, i tillegg til ein mastergrad i International Studies frå University of Denver i Denver i Colorado. Før han vart vald inn på Stortinget jobba han som underdirektør i Forsvarsdepartementet, i avdelinga for økonomi og styring.
I 2003 vart Tybring-Gjedde vald inn i Oslo Bystyre, der han sat i Finanskomiteen. I perioden 2001 til 2004 var han politisk nestformann i Oslo FrP.
Tybring-Gjedde er gift med Ingvil Smines Tybring-Gjedde,[1] har tre born og bur på Smestad i Oslo.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jens Marius Sæther. 2018-05-26. Dagsavisen. S. 21. «Groruddalen [...] der jeg traff min kone»
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Framstegspartiet - Biografi Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.