Christian Wisbech

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Christian Wilhelm Wisbech)
Gå til: navigering, søk
Christian Wisbech
Fødd 7. oktober 1832
Død

5. april 1897

Christian Wilhelm Wisbech (7. oktober 18325. april 1897) var ein norsk marineoffiser og stortingsmann frå Bergen. På Stortinget representerte han Høgre.

Wisbech blei fødd i Bergen som son til dåverande stasfysikus (lege) Christian Wisbech og kona Alida Brunchorst. Han gifta seg med Thora Heiberg.[1]

Sjølv gjekk han inn i marinen, der han gjekk den militære høgskulen. Etter i 1856 hadde fullført skuletida vart han sekondløytnant og lærar ved sjøkadettinstituttet. Utnemnd til premierløytnant i 1863, og tøymeister i marinen i 1870. Frå 1875 var han kaptein, rykte opp til kommandørkaptein i 1885 og kommandør i 1893. Ved det siste opprykket forlet han stillinga som tøymeister, og vart i staden sjef for det sjømilitære korpset. I si offiserstid var han medlem av fleire kommisjonar. Mellom anna var han frå 1882 formann i marinen sin artilleri- og fortskommisjon, der han hadde vore medlem sidan 1867.

Wisbech var 4. representant frå Jarlsberg og Larviks amt på Stortinget 1883-85 og 3. representant i perioden 1889-91, heile vegen medlem av militærkomiteen. Også for den mellomliggande perioden var han vald til tingmann, det valet vart forkasta av Stortinget med 73 røyster mot 35.[2] Han var i mange år medlem av bystyret i Horten, ordførar 1880-81. Ei tid var han formann i fattigstyret i byen.

Wisbech døydde i Horten i 1897.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ofstad.info
  2. Christian Wilhelm Wisbech – Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD)