Christian Ziege

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Ziege
Narrow portrait photograph of Christian Ziege.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Christian Ziege
Fødselsdato 1. februar 1972 (47 år)
Fødestad Vest-Berlin i Vest-Tyskland
Høgd 188 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1990-1997 Bayern München 185 (38)
1997-1999 Milan 39 (4)
1999-2000 Middlesbrough 6 (29)
2000-2001 Liverpool 16 (1)
2001-2004 Tottenham 47 (7)
2004-2005 Borussia M'gladbach 13 (0)
Totalt 329 (56)
Landslag
1993-2004 Tyskland 72 (9)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Christian Ziege (fødd 1. februar 1972) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Berlin. Venstrebacken vart europameister med Tyskland i 1996 og vann UEFA-cupen med Bayern München same året. Han vart dessutan seriemeister i Tyskland to gongar og ein gong i Italia.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Ziege spelte på Bayern München i 1990–97. Med den tyske toppklubben vann han Bundesliga i 1994 og UEFA-cupen to år seinare. Sommaren 1997 vart han overført til AC Milan i Italia, og vart seriemeister med laget frå Milano i 1999. Deretter gjekk turen til engelsk klubbfotball og Middlesbrough FC 1999/2000, Liverpool FC 2000/01 og Tottenham Hotspur 2001–04. Med Liverpool FC var han med å vinne ligacupen 2001, men fekk elles lite speletid. Etter ein heller svak 2004/05-sesong i heimlege Borussia Mönchengladbach la han opp.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Ziege fekk sin landslagsdebut i Washington D.C. 10. juni 1993, då Brasil og Tyskland spelte uavgjort 3-3. Han var ute av landslaget i heile 1994. To år seinare var han fast i fyrsteellevaren då Tyskland vann fotball-EM 1996 etter finalesiger 2-1 i London på «golden goal» mot Tsjekkia. Sidan deltok han fotball-VM 1998, EM i fotball 2000 og VM 2002. I VM-finalen 2002 i Yokohama, som enda med tysk 0-2 tap mot Brasil, var han innbytar. Etter den kampen aksla han den tyske landslagsdrakta ein einaste gong, då Tyskland i mai 2004 i Freiburg im Breisgau feia Malta av bana med 7-0. Dermed vart han ståande med 72 landskampar, og ni skåringar. Tre av måla kom elles i ein EM-kvalifiseringskamp mot Nord-Irland i september 1999, eit oppgjer som Tyskland vann 4-0.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1996 med Tyskland
  • VM-sølv: 2002 med Tyskland
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1996 med Bayern München
  • Tysk seriemeister: 1994 og 1997 med Bayern München
  • Vinnar av Serie A: 1999 med AC Milan
  • Ligacupvinnar i England: 2001 med Liverpool FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]