Christiania torv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°54′36.832″N 10°44′23.089″E

Christiania Torv. Til venstre Gamle rådhus, i framgrunnen fontena Christian IVs hanske.
Foto: Matthew McPherson

Christiania torv er eit gammalt torg og kulturminne i Oslo. Det ligg i Kvadraturen, mellom Rådhusgata og Øvre Slottsgate. Rundt torget ligg mellom anna Rådmannsgården, Gamle rådhus og Anatomigården. Midt på torget står fontena Christian IVs hanske av Wenche Gulbransen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Christiania torv blei torg i hovudstaden etter Oslo torg i Gamlebyen. Som torget i Gamlebyens torg fekk det nye torget domkyrkje (Hellig Trefoldigheds kirke, 1639) og rådhus (1641). På torget stod også gapestokken og vassposten for byen.

Torget blei utforma etter eit mønster som var vanleg i renessansebyplanar, og som først blei brukt i Livorno i 1570-åra. Det blei laga ved at ein spara ut kvadratar i hjørna av alle fire kvartala i eit gatekryss. Den kvadratiske forma var ikkje fullstendig, ettersom Hellig Trefoldigheds Kirke i nordvestre kvadrant tok opp ein stor del av arealet som ideelt sett burde ha vore torgområde, medan resten var del av kyrkjegarden.

I motsetnad til Oslo torg hadde ikkje Christiania torv lang levetid som sentralplass. Domkyrkja blei riven etter ein brann i 1686, og ei ny domkyrkje blei oppført utanfor byvollane ved det seinare Stortorvet. Eit halvy hundreår seineae flyttet også magistraten i byen frå Gamle rådhus til eit nytt rådhus i Rådhusgata. I 1736 blei torghandelen flytta frå det gamle torget i Kvadraturen til det nyanlagte Stortorget framfor domkyrkja. Samtidig blei den årlege Christiania-marknaden flytta.

Namnet Christiania Torv blei vedtatt i 1958 med referanse til at området var den første og sentrale torgplassen i Christiania. I 2003 fekk Christiania Torv Oslo kommunes pris for god byarkitektur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnstoff[endre | endre wikiteksten]