Tillæg til den evangelisk-christelige Psalmebog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Christianiatillægget)

Tillæg til den evangelisk-christelige Psalmebog var den første salmesamlinga som vart autorisert for bruk i gudstenester i Noreg.

Tidleg på 1800-talet brukte dei fleste norske kyrkjelydane anten Kingos salmebok frå 1699 eller Evangelisk-christelig Psalmebog frå 1798.

Ved kongeleg resolusjon av 10. september 1853 vart eit Tillæg til den evangelisk-christelige Psalmebog autorisert for bruk ved sida av den Evangelsk-christelige i Vor Frelsers Menighed i Christiania. Dette Christianiatillægget vart etter kvart brukt av dei fleste norske kyrkjelydane i som brukte den Evangelisk-Christelige. Dette salmeboktillegget er den første salmesamlinga som vart autorisert for bruk i gudstenester i Noreg. Salmane i christianiatillegget er ordna tematisk.

Tillegget vart òg brukt ved sida av Kingos salmebok.

Av salmane i christianiatillegget kan nemnast Skriv dig, Jesu, paa mit Hjerte. Denne salmen var opphavleg 15. av 38 vers i ein av langfredagssalme av Thomas Kingo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]